Jol i Telemark 2026

Bladet er den 93. årgangen av Jol i Telemark. På årets utgåve er det ei seglskute på veg ut i Europa som prydar framsida. Årets framsida har fått tittelen «Skipsnissen passer på». Olje på lerret måla av Jonny Andvik.

Livet til sjøs har gjennom generasjonar vore ein viktig del av Kragerø si historie. Sjøvegen har alltid vore ein av dei viktigaste vegane til og frå byen.

Baksida er det kunstaren Tone Mårdalen frå Tinn står bak. Ein reinsdyrflokk i drift på Hardangervidda. Stolte flotte dyr som det er viktig å ta vare på. 

Jol i Telemark vil gjerne vere eit lysglimt i jolehøgtida med gode historiar du kan gle deg til å lesa. Og eg håpar du finn mykje du vil like å lese i årets utgåve. Samstundes kan du også støtte arbeidet for det nynorske skriftspråket. 

Likar du bladet, fortel om det til venner og kjente. Du finn også meir informasjon på nettsida: jolitelemark.no eller på facebooksida vår.

God jul,
helsing Ragnar Lurås,
redaktør

INNHALDSLISTE

SØK

Proudly powered by WordPress