Om Jol i Telemark

Det var Telemark Mållag og Telemark Ungdomslag som ønska å styrkje det nynorske skriftspråket gjennom å gje ut eit blad der folk fekk lov til å bruke nynorsk.
I nyare tid tok Telemark Mållag over utgjevinga av Jol i Telemark åleine. Men føremålet er det same, nemleg å gje ut eit blad på nynorsk, og vere eit talerøyr for nynorsken gjennom artiklar og dikt.
Jol i Telemark vil gjerne vere eit lysglimt i jolehøgtida med gode historiar du kan gle deg til å lesa. Og eg håpar du finn mykje du vil like å lese i årets utgåve. Samstundes kan du også støtte arbeidet for det nynorske skriftspråket.

Vil du kjøpe bladet så blir Jol i Telemark selt på alle desse stadene.
Bladet kostar 160 kroner. Du kan få tilsendt bladet ved å kontakte leiar i Telemark Mållag Einar Søreide på mobil 959 92 121 eller e-post esoreide@online.no

Adressa til Jol i Telemark er:
Postboks 89, 3701 Skien

Har du interesse for nokon av dei tidlegare utgåvene av bladet, så kan du ta kontakt med Nynorsk Antikvariat i Tvedestrand.
Her er eit oversyn over Jol i Telemark, heilt frå bladet som kom ut i 1928 og fram til det siste som kom ut i 2026.
Dette oversynet vart opphaveleg laga av Torbjørn Lurås,
og vert no halde ved like av Mikkel Aanderaa.